FreddyBS - ᚠᚱᛖᛞᛞᚢ

FreddyBS - ᚠᚱᛖᛞᛞᚢ

@freddybs.bsky.social

Psykosprituelt umoden mann.

725 followers619 following2.9K posts

Kven hadde gjetta at eit så viktig mineral som rutil og granat skulle bli så dyrt å utvinne i Vevring sjølv med fjorddumping at Nordic Mine måtte stoppe drifta for å ikkje bruke opp alle pengane sine på å drifte seg konkurs, sei..

Eg bygger meg 2 x golfsimulator. Eg er ikkje golfar. Eg blir heller aldri ein golfar. Men eg ønskjer å tene pengar på golfarar. Så no har eg investert trekvart million, og håpet er å tene det inn att på 10 år..

Jobbar i årevis med ein artist frå USA, får nei nei nei nei neineinei.. Startar arbeidet med 2027-lineup, og er pr. def i mål, men gidd ikkje ein gang vurdere å sjekke artisten frå USA, ref. neineineineineinei.. Telefon frå USA i kveld; artisten ønskjer å komme i 2027. Faen faen faen faen.

Eg sa nett opp abonnementet mitt hos Sogn Avis, og eg vedgår at eg ikkje har fulgt veldig godt med, men sånn er det. Men når Cato Husabø Fossen har tatt over som ansvarleg redaktør, så ser eg svært lite poeng i at abonnementspengane mine skal gå til ei avis som Fossen er redaktør i..

Ein ting er å gå i frå journalistikken og over i politikken, men når du har vore spinndoktor for Høgre i over 5 år, blitt jaga frå skanse til skanse i eit løgnløp for å dekke over Sindre Finnes sine krumspring, koblingane mellom Fossen og Skarvøy.. og så returnere til ein redaktørstol. Nei takk..

Introduce yourself with 10 acts you've seen live Eagles Charley Pride Hal Ketchum Bruce Springsteen Taylor Hunnicutt Joshua Ray Walker Josh Turner Ricky Skaggs Marty Stuart Bobby Bare 8 av dei var i mi eiga heimbygd.

This post is unavailable.

«Nordmenn er enslige, skilte, barnefamilier og gamle ektepar. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter og jenter og gutter som er glad i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting». Kvil i fred.

Ein gong i tida var vi altså ein nasjon som heilt uironisk kunne ha ein konge ved namn Inge Krokrygg. For ikkje å snakke om den originale Hans Majestet Hans, som regjerte i perioden 1483–1513. No til dags skal det vere så rojalistisk pompøst. Sjølv drøymer eg om Kong Le. Høyrer du, Ingrid Alexandra?

VG har sak om det topphemmelige vassanlegget til Oslo, og det er superhemmelig kvar det ligg, fordi terrorfare. I avsnittet lenger nede, skriv dei kva som er kilden til drikkevatnet, som om det er umogleg å utføre terror i den enden.. Kan ein bassengrense vekk ei tønne med atomavfall, tru..? 🤔

Grimstad er fin. Eg stod nettopp i pølsekø på Nottos då ei svært animert kvinne kom bort til meg, sleika seg på langfingeren og strauk meg så langs kjevebeinet. Kona mi stod attmed meg, og eg kunne i grunn berre konkludere med at eg framleis har draget.

Har med svigerfar til Bulgaria på 14-dagers.. Han drar i seg minst 20 Marlboro om dagen, og presterer uansett vindretning å plassere seg slik at eg må sitte gjennom røykskyene hans. Eg vurderer å ta han med ned på botnen av bassenget i nokre minuttar..

Eg veit korleis familien til Olaf har det no. Både med ryktene i forkant og med sjølve årsaken. Forskjellen er at ryktene i mitt tilfelle var på kommunenivå, medan ryktene rundt Olaf går internasjonalt. Men det er det samme - og kvar og ein som har spekulert høglydt, burde også skamme seg offentleg.

Det er altså dette ein må ty til, når landslaget absolutt skal overprestere så jæklig. Eg som hadde satsa på Brasil.. No må vi samle tusenvis av menneskje framfor ein storskjerm, og lage Canning Town-feeling midt i det som skal vere ein countryfestival. Eg skal i alle fall ikkje ro.

Eg skal arrangere festival komande helg. Alana Springsteen skal gå på scena fredag kl. 21.00 Kvartfinalen skal spelast fredag kl. 21.00 Eg er nok ein av veldig få i Noreg som av pur egoistisk eigeninteresse håpar at Noreg blir slått ut av Brasil i morgon.