Sølve Rydland
Sølve Rydland
@solveryd.bsky.social
Politisk redaktør i Bergensavisen (BA).
1.3K followers796 following575 posts
Småkongane er stein daude. Leve småkongane (og smådronningane). www.ba.no/kor-e-alle-s...
Då den tidlegare spanske statsministeren, Mariano Rajoy, hevda at spelarane på det franske landslaget ikkje var franske, var det ikkje berre snakk om ein stygg feilpasning, men eit pinleg sjølvmål. www.ba.no/hogrekanten-...
Kva VM-eventyret betyr for Norge? Spør ei ung kurdisk jente, som kom til Norge i fjor, men som jubla høgast av alle då Norge slo Brasil. www.ba.no/joda-dette-e...
Dei nekta å lytta til formaningane frå staten. No er dei mest eigenrådige av vestlendingane på full fart inn på verdsarvlista. www.ba.no/no-ma-staten...
Kulturpris til dronning Sonja? Ja, dette kulturpolitiske krumspringet fortener nesten ein pris. www.ba.no/dette-politi...
Av og til er det tilfeldige så eminent regissert, at ein nesten kan lura. Eit kort hjørnespark unna ølteltet på Nygårdstangen, gøymer det seg ei sterk historie. Om fotball, alkohol og lagkameratar som ikkje fekk hjelpa ein venn i naud. www.ba.no/skamma-som-s...
Når me først er inne på vikingkjøret. Norge kjem til å tapa mot England (slaget ved Stamford bridge). Britane kjem til å vera høge på seg sjølv nokre dagar, før dei tapar mot Frankrike (slaget ved Hastings). Guillaume erobraren, alias Didier Deschamps, kjem til å kunna ta det roleg fram til sin død.
Nærmare undersøkingar viser at Pesen, ikkje Kniksen, skåra for Norge mot Sverige. At ein videokonferanse hindrar at Wolfe gjentek bragda er ikkje mindre irriterande av den grunn.
Her kunne Wolfe vorte første bergensar sidan Kniksen som putta for Norge mot Sverige? Og så skal den pokkers videogjengen øydelegga absolutt alt.
Slettebakken ❤️. Då verda kom til Bergen var det der det skjedde. Det første kjøpesenteret i byen og to modernistiske signalbygg, men òg storbyutfordringar. Sterk identitet, men òg stigma. Så måtte fortidas synder gravast opp. No! Ja, no kan det heilt store skje på Slettebakken. Om Bergen har lært.
Sidan Norge i dag arrangerer finalen i verdas største klubbturnering, nyttar eg sjansen til å dela denne på nytt: Det er på tide at norsk fotball både tar kvinnene og publikum på alvor. Òg i kvardagen. www.ba.no/desse-er-vik...