Vikingstatistikk

Vikingstatistikk

@vikingstats.bsky.social

Statistikk for Viking fotballklubb og Eliteserien. Er også glad i Forus og Gausel Idrettslag. Epost: vikingstatistikk@gmail.com

748 followers451 following3.7K posts

Peter Christiansen scora sitt 3. mål mot Tromsø i kamp nr. 5. Han har forsatt scora mot 16 av 19 mål han har møtt i serien. Totalt har han scora mot 26 av 34 lag han har møtt i alle konkurransar. Sist ut er Aston Villa, der han scora.

Herman Haugen har nå blitt bytta inn 89 gonger for Viking. Det er flest av alle i Viking-historia. Denne oversikta favoriserer i sterk grad fotballen etter covid då antall innbyttarar blei auka frå 3 til 5.

Viking tok i går sin 19. seier for sesongen og gjekk opp i 59 poeng. På begge kriterier tilsvarer dette den nest beste sesongen gjennom tidene. Og det er ennå seks kampar igjen.

Med seieren over Tromsø har Viking slått 14 av dei 15 motstandarlaga i Eliteserien. Det er ei tangering av fjorårssesongen. Då var det Sarpsborg 08 som klarte to uavgjortar. I år er det HamKam som står igjen. Laga møtest igjen i siste serierunde.

Her er ein kuriositet eg har gløymt å rapportera. Viking har nå spelt 105 kampar sidan dei sist spelte ein mållaus bortekamp i eliteserien. Dei gjekk dermed forbi Strømsgodset si rekke på 104 kampar mellom 1976(!) og 2007.

Det blei tre mål mot Tromsø, og dermed har Viking scora minst to mål i 16 strake heimekampar i serien. Det er den femte beste klubbrekorden i øverste divisjon i Norge. Dei er nå berre ein kamp unna Molde sin beste på 17.

Viking har nå 18 seriekampar på rad på heimebane utan tap. Dette er den (delt) 3. lengste rekka i klubbens historie. Ekstra imponerande er det at alle desse 18 kampane er seierar.

Peter Christiansen gjekk i går av banen med to eller fleire mål for Viking i ein seriekamp for 7. gong i går. Det fører han inn på ein delt 9. plass i vikinghistoria.

Oppdatert målscorarliste for Viking mot Fredrikstad. PCs to scoringar i gårsdagens kamp gjer at han nå står på fire mål, berre to mål bak Leif Bugge Aarøe og Trygve Johannessen på seks.

SEIER NR. 100 Seieren over Fredrikstad var Jensen/Aarsheims 100. i serien. Totalt har dei leia laget i 173 kampar. I tillegg til dei 100 seierane har 34 enda uavgjort og 39 med tap.

Viking registrerte seg i går for sin 18. seier for sesongen. Kun i fjor har Viking hatt fleire seierar på ein sesong. Dei stoppa då på 22. Det gjenstår 7 kampar av sesongen.

Då Peter Christiansen utlikna til 2-2 i går, var det den 15. heimekampen på rad i serien der Viking har scora minst to mål. Bodø/Glimt har eliteserierekorden på 22.

Viking er ubeseira på heime dei siste 17 kampane i serien. Det er den 6. lengste rekka i Vikings klubbhistorie. Som ein liten bonus er samtlege 17 kampar seierar. Rekorden på 25 kampar skriv seg frå 1970-72.

KLUBBREKORD I kamp nr. 23 i fjor rota Viking bort 3-1 på overtid mot S08, mens årets 23. enda med 3-2 over FFK. Dermed har Viking tatt 77 poeng på dei siste 30 seriekampane, noko som er ny klubbrekord. Viking må nå vinna 8 strake for å forbetra ytterlegare.

Viking slapp inn to mål mot Fredrikstad i går, mens det i 23. runde i fjor blei tre mot S08. I løpet av dei siste 30 seriekampane har Viking sluppe inn 26 mål. Ikkje sidan 1980 har Viking prestert slike tal.

*Simen Kvia-Egeskog scora i kveld sitt 20. mål for Viking i tellande kampar. *Joe Bell spelte sin 160. tellande kamp for Viking *Henrik Heggheim spelte sin 120. tellande kamp for Viking

Det der billettopplegget til Aston Villa var jo festleg. Uhyre viktig at billetten er registrert i namnet til den som skal bruka den, men det står ikkje namn på billetten, kun FanID. 🤯 Heldige dei som berre har bestilt ein billett...

View full thread